Over 12 års erfaring innan skatterett
Advokat Ask Økland har høg fagkunnskap innan skatt- og avgiftsrett. Hos oss får du kvalifiserte råd og den profesjonelle hjelpa du treng.
Skatte- og avgiftsrett
Skattar og avgifter utgjer ofte store beløp, og det er viktig å ha oversikt over skatte- og avgiftsspørsmål før ein transaksjon blir gjennomført. Dersom ein gjer feil kan det medføra strenge konsekvensar frå styresmaktene. Det er difor ofte gunstig å få kvalifiserte skatte- og avgiftsråd tidleg.
- Laupande skatte- og avgiftsrådgjeving for selskap, næringsdrivande og privatpersonar.
- Skattespørsmål knytt til incentivordningar for tilsette.
- Arveavgift og andre særavgifter.
Rådgjeving i samband med restrukturering og kjøp/sal av aksjeselskap. Bistand ved bokettersyn, endring av likning, likningsklager og søksmål mot skatteetaten. Rådgjeving i samband med utanlandsskatterett/ inn- og utstasjonering av personell.
Advokat Ask Økland har skatterett spesialfag og har hatt skatterett som hovudarbeidsområdet i ca. 12 år. Han har spesielt arbeid med personskatt og utanlandsskatterett/ skattespørsmål som oppstår ved kryssing av landegrenser.
Advokat Ask Økland har òg arbeid med meirverdiavgift på Nordland fylkesskattekontor, og har såleis praksis med avgiftsrett.